Salsløyve for alkohol Når treng du salsløyve? Daglegvarebutikkar som skal selje alkohol må søkje om salsløyve.Salsløyve gjeld for drikk med høgst 4,7 volumprosent alkohol. Korleis få salsløyve? Alkohollova stiller krav om uklanderleg vandel.Styrar for salsløyvet og vara for styrar må ha kunnskapsprøva, vere over 20 år og vere tilsett eller arbeide på skjenkestaden i kraft av eigarstilling. Korleis søke om salsløyve? Søknadsskjema - søknad om salsløyveI søknaden skal du skildre konsept og lokalisasjon. Vedlegg som må følgje søknadenKunnskapsprøva for styrar for salsløyvet og vara for styrarEtablerarprøva for dagleg leiarStadfesting på lovleg åtkomst til lokaletStyrar og vara for styrar må vere over 20 årDokumentasjon på at styrar og vara for styrar er tilsett i verksemda eller arbeider der i kraft av eigarstillingDokumentasjon på eigarforholdAksjeselskap skal sende aksjeeigarbok (ikkje eldre enn 6 månader]Planteikning der salsarealet er tydleg skravertKopi av overdragingsavtale ved eigarskifteKommunen kan setje vilkår for utøving av løyvet. Behandlingstid Søknad om salsløyve vert behandla innan fire månader frå fullstendig søknad er innkome.Søknaden vert sendt på høyring til Skatteetaten og Møre og Romsdal politidistrikt.Dersom høyringsinstansane har merknader kan det ta lengre tid. Meir informasjon Alkohol - HelsedirektoratetAlkoholpolitisk handlingsplan 2024–2028 (adobe.com) Publisert 22.09.2018 07:30 Sist endra 26.03.2025 11:54