Frist for innsending av omsetningsoppgåve
Kommunen sender kvart år ut brev med frist for innsending av omsestningsoppgåve.
Har du fått nytt løyve?
Då skal du oppgi forventa alkoholomsetning frå du fekk løyvet og ut året.
Har de seld eller lagt ned staden som har løyve?
Løyvegebyret vert rekna heilt fram til det vert gitt melding om at drifta er avvikla. Meld frå om avvikling av drifta til kommunen.
Omsetningsoppgåve skal sendast til kommunen innan ein månad etter avvikling av drifta, med faktiske omsetningstal frå 1. januar til drifta vart avvikla. Ved manglande omsetningsoppgåve reknar kommunen gebyret etter skjønn.
Stadfesting frå revisor eller statsautorisert rekneskapsførar
Faktisk omsetning skal vere stadfesta av revisor (revisjonspliktige verksemder) eller rekneskapsførar (verksemder som ikkje er revisjonspliktige).
Det er løyvehavar sitt ansvar at revisor eller rekneskapsførar har stadfesta omsetningstala.
Kravet gjeld ikkje for institusjonar eller organisasjonar som er friteke frå skatteplikt etter skattelova. Unntaket må dokumenterast. Les meir om fritaket her.
Kvifor er det naudsynt med stadfesting frå revisor eller statsautorisert rekneskapsførar?
Det vil vere naudsynt for at storleiken på omsetningsgebyret skal vere rett.
Kva skjer dersom omsetningsoppgåva ikkje vert levert eller løyvegebyret ikkje vert betalt?
Manglande levering av omsetningsoppgåva eller manglande betaling av løyvegebyret vil leie til prikktildeling.
Første gongs lovbrot inneber to prikkar. Ved seinare lovbrot vert det tildelt tre prikkar kvar gong fristen ikkje vert overhalde fram til omsetningsoppgåva er levert og gebyret er betalt.
Dersom ein sals- eller skjenkestad i løpet av to år får tolv prikkar eller fleire skal løyve inndragast i minimum ei veke. Når løyvet er inndrege kan staden ikkje selje eller skjenke alkohol.