Kva skjer dersom omsetningsoppgåva ikkje vert levert eller løyvegebyret ikkje vert betalt?
Manglande levering av omsetningsoppgåva eller manglande betaling av løyvegebyret vil leie til prikktildeling.
Første gongs lovbrot inneber to prikkar. Ved seinare lovbrot vert det tildelt tre prikkar kvar gong fristen ikkje vert overhalde fram til omsetningsoppgåva er levert og gebyret er betalt.
Dersom ein sals- eller skjenkestad i løpet av to år får tolv prikkar eller fleire skal løyve inndragast i minimum ei veke. Når løyvet er inndrege kan staden ikkje selje eller skjenke alkohol.