Når må du søke om eller melde frå om endringar?
Du må søkje om endringar eller melde frå, dersom:
- Konseptet skal endrast, til dømes de driv restaurant og vil endre konsept til diskotek
- Verksemda opphøyrer
- Verksemda har fått ny dagleg leiar for serveringsløyve
- Legg ved etablerarprøva for ny dagleg leiar
- Verksemda har fått ny styrar for løyvet eller ny vara for løyvet
- Legg ved kunnskapsprøva
- Nytt namn
- Det er gjort endringar i eigarforhold i selskapet som har løyve
- Det er gjort endringar i personkretsen som har vesentleg innflyting på selskapet eller drifta av selskapet som har løyve
- Oppstart av uteservering
- Legg ved planteikning over det nye arealet og stadfesting på lovleg åtkomst
- Arealet inne eller ute vert utvida
- Legg ved planteikning over det nye arealet og stadfesting på lovleg åtkomst
Søk om endringar
Skjema: Søknad om endring av sals- og skjenkeløyve
- Kunnskapsprøva for styrar for salsløyvet og vara for styrar
- Etablerarprøva for dagleg leiar
- Stadfesting på lovleg åtkomst til lokalet
- Styrar og vara for styrar må vere over 20 år
- Dokumentasjon på at styrar og vara for styrar er tilsett i verksemda eller arbeider der i kraft av eigarstilling
- Dokumentasjon på eigarforhold
- Aksjeselskap skal sende aksjeeigarbok (ikkje eldre enn 6 månader]
- Planteikning der salsarealet er tydleg skravert
- Kopi av overdragingsavtale ved eigarskifte
Behandlingstid
Søknad om nye skjenke- eller salsløyve vert behandla innan fire månader frå fullstendig søknad er innkome.
Søknaden vert sendt på høyring til Skatteetaten og Møre og Romsdal politidistrikt.
Dersom høyringsinstansane har merknader kan det ta lengre tid.
Meir informasjon
Relevant regelverk for sals- og skjenkestadar.