Eigarskifte og drift i overgangsperiode på tidlegare eigar sitt løyve

Eigarskifte og drift i overgangsperiode på tidlegare eigar sitt løyve

Vilkår for å drive på tidlegare eigar sitt løyve

Dersom du har overteke ein serverings- eller skjenkestad eller ein daglegvarebutikk som sel alkohol kan du drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve medan vi behandlar søknaden din om nytt løyve dersom følgande vilkår er oppfylt:

  • Du må melde frå til kommunen at det har skjedd eit eigarskifte og at du ønskjer å bruke tidlegare eigar sitt løyve i ei periode
  • Du må søkje om nytt løyve innan 30 dagar
  • Det må ligge føre ein gyldig avtale om eigarskifte

 

Kva er rekna som eigarskifte - døme

  • Kjøps- eller salssituasjonar
  • Vesentlege endringar i eigardel i verksemda som har løyve
  • Skifte av verksemdsform

 

Søknad om eigarskifte

Søk om eigarskifte for serverings- og skjenkeløyve.

Søk om eigarskifte for salsløyve.

 

Vedlegg som må følgje søknaden

I søknaden skal du skildre konsept og lokalisasjon.

Vedlegg som må følgje søknaden

  • Kunnskapsprøva for styrar for salsløyvet og vara for styrar
  • Etablerarprøva for dagleg leiar
  • Stadfesting på lovleg åtkomst til lokalet
  • Styrar og vara for styrar må vere over 20 år
  • Dokumentasjon på at styrar og vara for styrar er tilsett i verksemda eller arbeider der i kraft av eigarstilling
  • Dokumentasjon på eigarforhold
  • Aksjeselskap skal sende aksjeeigarbok (ikkje eldre enn 6 månader]
  • Planteikning der salsarealet er tydleg skravert
  • Kopi av overdragingsavtale ved eigarskifte

 

Behandlingstid

Søknad om nye skjenke- eller salsløyve vert behandla innan fire månader frå fullstendig søknad er innkome.

Søknaden vert sendt på høyring til Skatteetaten og Møre og Romsdal politidistrikt.

Dersom høyringsinstansane har merknader kan det ta lengre tid.

 

Meir informasjon

Relevant regelverk.