Løyve til handel av fyrverkeri
Krav til løyve
Det er kommunen (Ulstein og Hareid brannvesen) som gir løyve til handel med fyrverkeri.
- For å få løyve må ein drive handelsverksemd med fast utsalssstad
- Det er ikkje lov å ha utsalsstad i bygg med bueiningar eller inne i kjøpesenter
- Dei som sel fyrverkeri skal ha ansatt minst ein person som har gått obligatorisk handelskurs og som kan framvise gyldig kompetansebevis frå Norsk Brannvernforening
- Sal av fyrverkeri direkte til forbrukar er kun tillatt i perioden 27. til 31. desember. Handelen skal foregå over disk
Korleis søke?
For å søke om løyve til handel av fyrverkeri - bruk dette elektroniske søknadsskjemaet.
Søknad må vere kommunen i hende innan 1. mai.
Tilsyn
Brannvesenet gjennomfører tilsyn med utsalsstadane i romjula.
Publisert 11.03.2020 12:48
Sist endra 02.01.2024 09:47