Må eg søke på nytt neste semester?
- Nei. Du beheld elevplassen heilt til han vert sagt opp skriftleg.
Mitt barn kan ikkje møte på time i dag. Kven tek eg kontakt med får å seie ifrå?
Ta kontakt direkte med faglærar. Ein kan melde fråvær i speedadmin eller sende sms.
Kor mykje kostar ein elevplass?
- 3600 kroner for eit heilt skuleår i 2026, og 3800 kroner for eit heilt skuleår frå 2027. Faktura på halve summen kjem to gongar i året
- 20 prosent rabatt for fleirfag eller søsken
- 520 kroner i instrumentleige
- Visuell kunst har 415 kroner i utstyrsavgift
- Noteavgift på 200 kroner per semester om du ikkje kjøper opplæringsbok sjølv
- Ønsker du å få oppdelt faktura ytterlegare, kontakt økonomikontoret
- (70 01 75 00 – tysdagar og torsdagar klokka 10.00–14.00)
Kva tid må eg søke?
- Vi har hovudopptak 30. april og 15.november, men tek opp elevar etter kapasitet gjennom året
- Vi følger førstemann til mølla-prinsippet og ei samla vurdering av rektor/faglærar.
Kva tid må eg seie opp?
- Innan fristen 30. april for vårsemesteret og 15.november for haustsemesteret
- Ved oppseiingar etter fristen vil du behalde elevplassen og betale for eit nytt semester.
Kvar finn eg informasjon om timeplan/lærar/kontaktinfo?
- Det meste av informasjon du treng finn du på speedadmin, anten via appen eller nettstaden. Her finn du oversikt over konsertar, framsyningar, timeplan, kontaktinfo, fråværsmelding med meir.
Tida eg fekk passer ikkje. Kva gjer eg?
- Ta kontakt med faglærar, så prøver vi å løyse det dersom det er mogleg.
- Det er dessverre ikkje høve til å flytte på gruppetider. I kulturskulen har vi om lag 550 elevplassar, og det er umogleg å gi alle eit ideelt tidspunkt.
Må eg betale om eg vil slutte midt i eit semester?
- Ja. Vi sel elevplassar for eit heilt semester (jamfør vedtektene). Om sluttårsak kan dokumenterast ved legeerklæring eller flytting til annan kommune kan du søke rektor om fritak frå betaling. Dette gjeld uavhengig av oppmøte.
Eg står på venteliste. Kva skjer?
- Vi tek opp elevar etter kapasitet og tek kontakt når det vert ein ledig plass. Frå tid til annan har vi ledige plasser på andre fag.
Eg har prøvd fleire gonger å melde meg på utan å få det til. Kva gjer eg?
Mitt barn fekk plass midt i eit semester. Må eg betale full pris?
- Nei, ved start midt i semesteret vert kontingenten regulert.
Undervisinga har vore avlyst. Får eg refundert kontingenten?
- Om undervisinga har vore avlyst 3 gonger eller meir, vil du få refundert tilsvarande pris per gong på kontingenten.
Kan familiemedlem overta ein elevplass?
- Nei, elevplassen er personleg og kan ikkje overtakast eller nyttast av andre enn den innmeldte eleven.
Kan eg prøve nokre veker for å sjå om det er noko for meg?
- Nei. Men du er hjarteleg velkomen på open dag som vi arrangerer ein laurdag kvar vår.