Bubilparkering og tømestasjon

Bubilparkering og tømestasjon

  
Kvar kan du parkere bubilen?

På oppstillingsplassen bak Ulstein Arena kan du parkere bubilen din. Denne plassen er gjeve prioritet til bubilar i alle skuleferiane. Elles fungerer parkeringsplassen som gjesteparkering til Ulstein Arena og tilsetteparkering til skulane i sentrum, men bubilane vert ikkje nekta å stå der viss der er plass.

Bubilparkeringa ligg i Gjerdegata like bak fleirbruksbygget Arena Ulstein, sjå kart nedst på sida. 

 

Kva kostar det?

Det kostar 200 kroner per døgn å bruke ein plass. Prisen inkluderer

  • straum ved plassen
  • tilgang til toalett og dusj på Ulstein Arena i opningstida. Sjå opningstidene.

Vend deg til resepsjonen på Ulstein Arena når du kjem. 

 

Må eg bestille plass?

Det er ikkje førehandstinging av plassane, med andre ord: Først til mølla!

Har du spørsmål? Ring oss på tlf. 70 01 77 00.

 

Tømestasjon

Vi har ein tømestasjon for bubilar i Saunesmarka, Storehølvegen 41. 

  Lenke til området i Sunnmørskart

 

 

Kontakt

Leif Ringstad
kultursjef
E-post
Mobil 47 30 13 32