Vestlandsperla Flø

Vestlandsperla Flø


Flø ligg ut mot havgapet der båra har fri ferdsel frå storhavet. Området er vérhardt og vakkert. Når du rundar svingen ved Gåsneset vert dei landlege omgjevnadane forvandla til noko av det meir røffe slaget. Naturens råskap byrjar å vise seg, og når haust- og vinterstormane tek til kan storhavet slå mot deg på den smale vegen utover Fløstranda.

Med storslått natur, kvite sandstrender og spektakulære solnedgangar er Flø eit trekkplaster for fjern og nær. Her kan du surfe, segle, sykle, bade og fiske. Utforsk gjerne dei mange turstiane, eller ta turen innom det moderne kunstgalleriet Studio Hugo Opdal. 

 

Solnedgangen på Flø

Når nordavinden kjem med finevéret og det spaknar mot kveld, vert fløssingane belønna med spektakulære solnedgangar! Himmelen eksploderar i fargar og når sola dalar forsiktig ned i havet, får verda ein glød som gir deg ei herleg kjensle!

Ved parkeringa på Ytre Flø finn du også kanskje det mest fotograferte treet i solnedgang? #treetpåflø 
Tider for soloppgang og solnedgang på Flø.
 

Nordlys

Nordlyset, Aurora Borealis, er ikkje berre eit arktisk fenomen knytt til mørketid og kulde. I klarvér kan du faktisk få med deg denne godbiten med spektakulære scener på nattehimmelen, også på Sunnmøre.

 

Studio Hugo Opdal

Kunstgalleriet som held til i den tidlegare skulestova på Flø, og som viser framifrå kunst utanfor allfarveg. Mange store namn har hatt utstillingar i kunstgalleriet Studio Hugo Opdal, blant andre Damien Hirst, Yves Scherer, Pushwagner, Bjarne Melgaard og Sverre Bjertnes.

"Verdens beste minste galleri".

 

Go With The Flø

Kvar haust inviterer Studio Hugo Opdal til gøy på landet med kunstivalen "Go With The Flø". Då vert den vesle bygda med sine 186 innbyggjarar, forvandla til ein møteplass for kunst, musikk og moro. Verdsens beste kunstival seier nokre!

 

Gótene og Hoksteinen

Gótene er ein enkel tur i eit rikt kulturhistorisk landskap. Turen passar godt for barnefamiliar, og kan også gjennomførast med barnevogn og rullestol (grusveg). Langsmed vegen er det fleire freda kulturminne. På heile strekninga ut til Gótene ligg det ni gravrøyser frå eldre bronsealder og jernalder. Nokre kan vere vanskelege å sjå, men det er sett opp informasjonsskilt ved starten av turen. Ordet Gótene kjem av gote, som har same opphav som gate, veg. 

Ved parkeringa på Ytre Flø finn du også kanskje det mest fotograferte treet i solnedgang? #treetpåflø 

Turen går på gruslagt veg, frå parkeringsplassen på Ytre Flø, og i nordaustleg retning i flatt terreng. Etter omlag 1,5 km sluttar grusvegen og du kjem til ein port. Der er god sti vidare til den karakteristiske Hoksteinen. Nokre meiner at namnet kan skrive seg frå at nokon har hogt merke i han, andre meiner at Hoksteinen tyder høgsteinen, den høge steinen. 

Om det freistar å gå enda lenger, så er der godt merka sti til Ytrefløvatnet og Skolma (628 moh).

Turen til porten, til enden av grusvegen, tek omlag 30 minutt tur/retur.


Roppehornet

Roppehornet ruvar med sine 412 meter over havet og frå toppen kan du nyte ei fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Er du heldig kan du også sjå ørn og annan rovfugl sveve i lufta.

Fjelltoppen kan du nå på fleire måtar:

  • Via Gåsneset og Ulldalen
  • Via Kraftverket i Ulsteindalen, mot Breifjellet og utover langs Trollvassegga
  • Via bomvegen og grusvegen mot Brørevatnet. Denne turen går på køyrbar skogsveg og det er godt mogleg å ta med barnevogn og sykkel nesten til toppen. Dei siste 500-600 meterane til toppen går turen på sti. Bomvegen finn du om lag 400 meter til høgre, etter at du har passert gamleskulen/Galleri Hugo Opdal.

Etter ein tur på Roppehornet kan det kanskje freiste med eit bad på Roppesanden?


Roppesanden

På ein godvérsdag kan den kritkvite stranda og det turkise vatnet freiste til ein dukkert. Det liknar kanskje på syden, men du bør vere førebudd på at temperaturen ikkje tilseier den same som i sydlegare strøk! Ein dukkert kan likevel vere forfriskande godt, og her kan du stupe frå svaberg eller vasse utover og legge på symj. 

Dei minste kosar seg gjerne med strandleik og krabbefiske, eller går på oppdagingsferd etter skjulte "skattar". På kvelden kan du nyte solnedgangen i havet. #kuisolnedgang 

 

Kirsti A. Nygjerde