Skattejakt på Uglesætra

Skattejakt på Uglesætra

Kari Marie Øvrebøe

Uglesætra er ein perfekt tur for små føter og det er mange barn som har Uglesætra som ein favoritt-tur.

Her er det mykje å sjå på. Turen byr på mange morosame overraskingar undervegs og på toppen ventar det ein premie! Det gamle seterhuset er restaurert, og inne i dette huset er der ei skatteøskje med mange "diamantar". Alle barn får lov å plukke seg ein "diamant" kvar.

Området rundt er tillaga som leikeområde, så her kan barna få boltre seg med naturen som leikestad. Du vil også finne underlege små og store figurar gøymt rundt omkring – under steinar og rotvelte, i små huler og grotter. Ja, der er både troll, hulder og dinosaurar på Uglesætra – spennande både for små og store!

I og rundt seterhuset er der fine sitjeplassar, så ta gjerne med nistepakke.

Frå Uglesætra er der fine turstiar om du skulle ønskje det. I seterhuset finn du turkart.


Ein lokal helt

Uglesætra hadde ikkje vore det same utan Bjarne Røren sitt pågangsmot og initiativ. Det er han som står bak dei gode opplevingane på Uglesætra, og han fekk frivilligprisen i 2014 nettopp for den innsatsen.

 

Turinformasjon

  • Fottur, ikkje eigna for rullestol.
  • Turlengde er ca 1 km tur/retur
  • Total stigning på 120 høgdemeter

 

Korleis kome seg dit?

Uglesætra ligg på sørsida av Dimnøy.

Frå fylkesveg 61 tek du av i vegkrysset skilta mot Dimna, til fylkesveg 26. Køyr ca. 1 km til neste t-kryss og ta til venstre mot Ertesvåg. Frå krysset der er det ca 1.9 km til parkeringsplassen for Uglasætra. Den ligg på venstre side. Frå parkeringsplassen går du ca 200 meter vestover på vegen. Når du kjem forbi første husa på øvresida av vegen går råsa opp gjennom skogen. Råsa er godt merka med skilt.



 

Kontakt

Leif Ringstad
kultursjef
E-post
Mobil 47 30 13 32