Borgarøya

Borgarøya

Per Eide

Den gamle handelsstaden Borgarøya ligg idyllisk til i skjergarden ved Ulsteinvik. Namnet kjem av at det har vore "borgarar" her sidan tidleg på 1600-talet. Det var folk som hadde løyst "borgarbrev" og hadde rett til å reise langs kysten og drive handel. Staden låg sentralt ved den gamle skipsleia mellom Bergen og Trondheim. Handelsmenn frå Bergen hadde varelager på øya og dreiv byte mot fisk og landbruksprodukt.

Hovudhuset på øya er frå 1700-talet og på det meste var det 17 ulike bygningar her. Der var fast handel fram til 1880-åra.

Etter 1920 vart staden nytta til bustadføremål og sidan 1983 har Ulstein kommune restaurert og teke vare på hovudhuset. Huset kan leigast til ulike arrangement i både offentleg og privat regi. Kontakt kulturkontoret dersom du vil leige huset.

I dag er Borgarøya ein populær utfartsstad og om sommaren har det enkelte år vore kafédrift i det gamle handelshuset. Du må ha båt for å kome dit og der er kommunal brygge å legge til hamn. Quality Hotel Ulstein har utleige av båt, og kan arrangere både sightseeing i skjergarden, utflukter, fisketurar i frisk sjøluft eller ein fartsfylt tur med RIB.

Fasilitetar for båt ved Borgarøya:
Straum og vatn er lagt ned til brygga, og betaling kan skje med Vipps eller kontant. Der er ein boks på utsida av sjøbuda med forklaring. Der er ikkje tilgang til dusj.


 

Kontakt

Leif Ringstad
kultursjef
E-post
Mobil 47 30 13 32
Annika Brandal
kulturkonsulent/driftsleiar anlegg
E-post
Mobil 40 84 09 00