Små og store fiskevatn på Hareidlandet der det ikkje seljast fiskekort:
- Ytrefløvatnet *
- Skinnalidvatnet
- Svartevatnet *
- Rjupedalsvatnet
- Brørevatnet *
- Litlevatnet
- Grimstadvatnet (i Grimstaddalen)
- Koppevatnet
- Hjørungdalsvatnet
- Fjellsvatnet
- Løsetvatnet *
- Selvågsvatnet
Fiskeretten tilhøyrer grunneigarane "slik det har vore frå gamalt av og så langt hans grunn går", jf. lakse- og innlandsfisklova. Ein skal difor som utgangspunkt alltid spørre grunneigaren om løyve til å fiske sjølv om det ikkje vert solgt fiskekort.
* Ulstein og Hareid jeger- og fiskeforening har avklara "fritt fiske" med grunneigaren for Ytrefløvatnet, Svartevatnet, Brørevatnet og Løsetvatnet. Her kan folk altså fiske utan å trenge nærare avklaring med grunneigar.