Transportteneste for personar med nedsett funksjonsevne (TT-kort)

Transportteneste for personar med nedsett funksjonsevne (TT-kort)

Transporttenesta (TT-ordninga) er eit tilskot til drosjetransport for personar som på grunn av si fysiske eller psykiske funksjonsnedsetting har store utgifter til drosjetransport til fritidsreiser. 

TT-ordninga er ikkje ein lovfesta rett, men eit velferdsgode som fylkeskommunen tilbyr innbyggarane. Frå 1. juli 2026 har fylkeskommunen ansvar for all brukargodkjenning, vedtak og klagehandsaming knytt til TT-kort.

Slik søker du TT-kort
Klage på vedtak