For å få følgekort må du sende ein grunngitt søknad til kommunen. Vi treng passfoto og uttale frå lege, eller anna helsepersonell, for å handsame søknaden din. Det er ingen søknadsfrist – søknader vert handsama så snart vi har fått dei inn.
Ønsker du å fornye følgjekortet, sender du inn ny søknad.
Her er elektronisk søknadsskjema.
Dersom du vil ha søknadsskjemaet på papir, eller treng hjelp til sjølve søknaden, er du velkomen til å ta kontakt med innbyggartorget på biblioteket. Opningstida er klokka 12.00–16.00. Telefon 70 01 75 00.