Du får kjøpe batteri og filter til høyreapparat på Ulstein Arena, i resepsjonen til Ulsteinbadet.
Adressa er Vikemyra 2.
HLF - Hørselshemmedes landsforbund på ytre Sunnmøre har tre likemenn som gir hjelp til personar med hørselshemming. Første og siste tysdagen kvar månad, med unntak av juni og juli, held dei til på Frivilligsentralen i Skollebakken Aktivitetshus frå klokka 11.00–13.00. Dei kan også kome på heimebesøk om ønskeleg. Likemennene sel batteri og andre rekvisita til hørselshjelpemiddel. Du får også gratis rettleiing og hjelp.