ErgoterapiEin ergoterapeut hjelper menneske til å meistre kvardagslege aktivitetar og delta i samfunnet ved å tilpasse omgivnader, aktivitetar og bruk av hjelpemiddel.Du finn kontaktinformasjon nedst på sida.Søknadsskjema Kva er ein ergoterapeut?Ergoterapeuten har i sitt arbeid fokus på aktivitet og deltaking for alle.Ergoterapeuten arbeider i lag med brukar med tilrettelegging når det har blitt, eller er fare for eit gap mellom kvardagen sine krav og helse.Ergoterapeuten hjelper menneske til å fungere best mogleg i kvardagen, trass vanskar med å utføre daglege gjeremål grunna sjukdom, skade eller anna funksjonsnedsetting.Kven kan ha nytte av tenesta?Personar som på grunn av skade, sjukdom eller av andre årsaker har fått redusert funksjonsevne som gjer det vanskeleg å utføre daglege gjeremål.Kva kan ergoterapeuten hjelpe deg med?Førebyggande tiltakTverrfagleg habilitering og rehabiliteringRettleiing, informasjon og undervisningFormidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel som kan kompensere for tapt funksjonKartlegge funksjonar og tilpasse aktivitetar/arbeidsvanarLegge til rette fysiske omgjevnadar i heim, skule, barnehage og på arbeidsplassTrening av daglege gjeremålSøke på tilskudd til bustad og bilUniversell utformingKva kostar tenesta?Tenesta er gratis, men tiltak som vert sett i verk kan innebere kostnaderNår kan du vente svar?Søknadar vert fortløpande behandla av eit tiltaksteam som har møte kvar torsdag. Du får skriftleg melding om vedtak.Du kan klage på vedtaketFinn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen 4 veker.Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans. Publisert 10.07.2018 13:16 Sist endra 15.01.2026 14:13