Koordinatoren bidreg til å skape heilskap, samanheng og forutsigbarheit i kreftomsorga. Koordinatoren har oversikt over relevante tilbod og tenester, og kan formidle kontakt med dei ulike tenestene og aktuelle samarbeidspartnarar. Koordinatoren kan vere bindeleddet mellom deg, fastlegen, spesialisthelsetenesta og kommunen.
Kreftkoordinatoren er kommunen sin kontaktperson for pakkeforløp heim for pasientar med kreft.
Kreftkoordinatoren kan hjelpe om du
- har barn og/eller unge som pårørande
- treng nokon å snakke med, og få råd og rettleiing om sjukdomen
- har mykje å forholde deg til i samband med kreftsjukdomen og slit med å halde oversikt
- opplever biverknadar av kreftsjukdom og behandling
- har plagsame seineffektar etter avslutta kreftbehandling og treng oppfølging