Langtidsopphald i institusjonLangtidsplass er ein fast plass – eit butilbod utan tidsavgrensing. Personar som vert vurdert å trenge behov for døgnkontinuerleg pleie og omsorg kan få tilbod om langtidsplass.Søknadsskjema Hugs å legge ved dokumentasjon frå lege, sjukehus eller andre instansar når du søker. Slik behandlar vi søknaden din Søknader vert behandla så snart som råd, av eit tiltaksteam som har møte kvar veke. Du får skriftleg melding om vedtak. Bur du heime og søker om korttidsopphald, kan det vere nødvendig med ein kartleggingssamtale.Vi nyttar ressursorientert saksbehandling. Det vil seie at vi er opptekne av kva innbyggarar klarer sjølve, kva pårørande og anna nettverk kan hjelpe til med, og kva omsorgsetaten kan bidra med. Dette får vi til gjennom samarbeid og dialog med kvarandre, der målet er at innbyggarar med hjelpebehov, skal kunne leve eit mest mogleg sjølvstendig liv. Betaling Betaling for ein langtidsplass vert rekna ut frå § 3 i Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester. Du kan klage på vedtaket Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket kan du klage til kommunen innan fire veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Kommunen pliktar då å ta ei ny vurdering.Vert avgjerda ståande, vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren. Dette får du melding om.Send klaga di tilUlstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Besøksadresse Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenterSjukeheimsvegen 186065 Ulsteinvik Publisert 11.07.2018 09:16 Sist endra 18.09.2025 13:11