BygdastovaBygdastova er ei "storstove" for innbyggarane i Ulstein kommune. Stova vert driven i samarbeid med Ulstein Sanitetsforening og er sentralt plassert på Ulshaugen 15, like bak Amfi-senteret.Kafé, selskapslokale og møteromKvar torsdagar er det mogleg å kjøpe sveler og vere med på andakt. Det er folk (tilsette) i lokala mellom klokka 10.00–13.00 på kvardaganeBygdastova er også brukt til selskapslokale, men ikkje lenger til minnestund. Lokale lag og foreiningar kan leige møterom der etter klokka 14.00 på kveld og helg.Ønsker du å leige Bygdastova?Dersom du ønskjer å leige møtelokale ved Bygdastova, kan du ringe eitt av desse mobilnummera:90 96 41 2893 02 40 9798 23 06 12Kva er prisen for leige av Bygdastova?Det kostar 2500 kroner å leige heile Bygdastova. For eitt rom kostar det 800 kroner og spesialpris for faste lag og foreiningar er 450 kroner per gong (ikkje lenger frisør).Fotpleiar Frå 02.01.2023 tilbyr Trude Mork stell av føter i same lokale. Timebestilling på mobil 40 04 92 56. Ho har i tillegg ein fotklinikk i Ulsteinvik sentrum. Publisert 09.07.2018 13:24 Sist endra 16.05.2025 09:32