Vilkår
For å få etablert ein seksjon, må brukseininga(ene) vere godkjend etter plan- og bygningslova sine reglar for det formålet den skal tene. Når det gjeld eksisterande bygningar, medfører dette at pålagte bygningsmessige tiltak må vere gjennomført før seksjonering kan skje.
Kven kan søke?
Søknad om seksjonering må settast fram av heimelshavar til eigedommen. Heimelshavar er den eller dei som er tinglyst som eigarar av eigedommen. Dersom det er snakk om festa grunn, er det i utgangspunktet tilstrekkeleg at festaren skriv under på søknaden.
Andre kan søke på vegne av heimelshavar, men det må då leggast ved skriftleg fullmakt. Fullmakta må vere original eller stadfesta rett kopi.
Slik søkjer du
Seksjonering
Her finn du søknadskjema for seksjonering. Kommunen må ha inn originaldokumenta i 2 eksemplar, då desse skal sendast vidare til Tinglysinga hos Kartverket. Skjema med nødvendige vedlegg kan enten
- leverast på innbyggartorget på Ulstein bibiliotek eller i postkasse inne i ventesona på Ulstein rådhus.
- sendast i posten til Ulstein kommune, Postboks 143, 6067 Ulsteinvik.
Her finn du rettleiing til utfylling av skjema for seksjonering.
Vilkår for reseksjonering er lista opp i eigarseksjonslova § 7, og er nærare omtala i Veileder til eierseksjonslovens offentligrettslige regler. Denne rettleiaren er i utgangspunktet meint som eit hjelpemiddel for sakshandsamar, men kan vere nyttig også for søkar.
I tilfelle der ein ønsker å få oppmålt uteareal til seksjon, må det leggast ved rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring.
Reseksjonering
Reseksjonering er ei ny seksjonering av ein eller fleire seksjonar i allereie seksjonert eigedom. Døme på dette er når areal blir overført frå ein seksjon til ein annan eller det blir oppført nye bygg på eigedommen som ein seksjon skal disponere som ein tilleggsdel.
Ved reseksjonering i form av deling eller samanslåing av seksjonar, er det heimelshavarar som kan søke. I nokre tilfelle er det krav til at styret i sameiget må samtykke til reseksjoneringa. Dette står det meir om i eigarseksjonslova § 20. I andre tilfelle av reseksjonering, er det styret som må fremme søknad, jf. eigarseksjonslova § 21.
I tilfelle der reseksjonering føyrer til at teljaren i sameigebrøken vert endra kan det oppstå krav om dokumentavgift. Det kan også vere naudsynt med pantefråfall.
Her finn du søknadskjema for reseksjonering.
Her finn du rettleiing til utfylling av skjema for reseksjonering.
Seksjonering av uteareal
I tilfelle der ein ønsker å ha uteareal knytt til ein seksjon, kan ein rekvirere oppmåling av uteareal. Skjema for Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring med vedlagt situasjonskart, må då sendast til kommunen saman med søknad om seksjonering/reseksjonering.
Dersom dei nye eller endra grenser for uteareal er eintydig fastsett med i kartmaterialet med koordinatar kan ein gjennomføre oppmålingsforretning utan oppmøte i marka (kontorforretning).
Treng du å kome i kontakt med ein saksbehandlar?
Reserver tid her
eller send ein e-post til geodata@ulstein.kommune.no
Kva kostar det?
Seksjonering:
Reseksjonering:
Fullstendig gebyrregulativ for seksjonering finn du her (PDF, 255 kB).
Meir informasjon om seksjonering finn du på regjeringen.no