Tilsyn og ulovleg bygging
Kommunen er plan- og bygningsmynde. Bygningsmynde har plikt til å føre tilsyn med at plan- og bygningslova vert fylgd i kommunen.
Vi har ein strategi for tilsyn og ulovlegheitsoppfølging som du finn her: Tilsynsstrategi (PDF, 3 MB)
Tips om ulovlegheiter
Du kan tipse oss om ulovlegheiter i byggesaker.
Sjekk dette før du tipsar:
- Snakk med naboen din fyst. Unngå mistydingar og spør om kva naboen skal til med.
- Her kan du sjekke om tiltaket må søkjast om.
- Her kan du søke opp gnr/bnr for å sjå kva saker som har vore handsama etter mai 2019: Postliste - Ulstein kommune. (Velg Avansert søk og skriv inn gnr/bnr i aktuelt felt).
Tips sender du til kommunen via eDialog Saka vert journalført, og vi prioriterer vidare prosess ut i frå tilsynsstrategi og kapasitet.
Publisert 11.05.2026 09:40
Sist endra 11.05.2026 09:52