Krav om digital byggesøknad

Krav om digital byggesøknad

Ulstein kommune har valt å stenge for sending av byggesøknader på e-post. Dette gjeld alle søknader etter plan- og bygningslova sin § 20-3 som krev ansvarlege foretak. Kommunen har heimel til å stenge for søknader på e-post etter forvaltningslova § 15a og eForvaltningsforskrifta § 3. Bestemmingane slår fast at alle som vender seg til eit forvaltningsorgan kan bruke elektronisk kommunikasjon så lenge organet har lagt til rette for det. Kommunikasjonen skjer på den måten som organet beskriv og ved å bruke adressen som er oppgitt for aktuelle førespurnaden. Søknadsløysingar på Fellestjenester BYGG oppfyllar desse heimlane.

Søknader sendt via Fellestjenester BYGG sparar kommunen for tid og ressursar fordi dei blir kontrollert før sending.  Strukturerte data om byggesøknaden blir importert direkte til kommunen sitt saksbehandlingssystem.

Kommunen kan stenge for e-postsending både for privatpersonar og føretak, der det finst digitale alternativ. Både personar og føretak kan likevel velge å sende søknaden i posten. Vi gjer også merksam på at kommunen har nokre plikter om nokon sender ein søknad på e-post sjølv om kommunen har stengt for det. Kommunen må gi beskjed om at søknaden ikkje vil bli handsama, og veilede i korleis søknaden skal sendast, jf. eForvaltningsforskriften § 7. Journalføringsplikta gjeld også uavhengig av korleis søknaden er sendt.