Gravemelding

Gravemelding

Alle som skal nytte gravemaskin (entreprenørar, verksemder og privatpersonar) i grunnen må melde i frå om dette før oppstart. Dette fordi ein skal kunne kartlegge og avklare om der ligg tekniske anlegg under jorda før gravinga tek til.

Fyll difor ut dette gravemeldingsskjemaet (PDF, 124 kB) og send det til postmottak@ulstein.kommune.no

Du må legge ved eit kart som viser kvar på eigedomen du skal grave. Kart kan hentast frå www.sunnmorskart.no 

 

Graving på offentleg veg er søknadspliktig etter veglova § 57. For kommunale vegar skal søknaden sendast til kommunen, for riks- eller fylkesvegar skal søknaden sendast til Statens vegvesen eller fylkeskommunen.

Graving på privat grunn kan vere søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Kva for tiltak som er søknadspliktige, går fram av lova med forskrifter. Er du i tvil om tiltaket er søknadspliktig, kan du ta kontakt med kommunen si byggesaksavdeling.

 

Denne gravemeldinga gjeld berre for kommunale rør og leidningar. For å få oversikt over infrastrukturen til Tussa, Mørenett og Telenor m.fl. må du sjølv søke på www.ledningsportalen.no.

NB: Ei gravemelding er ikkje det same som eit byggjeløyve!