SMS-varsling om feiing og tilsyn

SMS-varsling om feiing og tilsyn

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Vi i feiarseksjonen nyttar SMS/e-post for å varsle både feiing og tilsyn. Dette er ei teneste som er kostnadsfri for deg som mottakar. Du får varsel tre dagar før vi kjem på besøk.

Det kan skje at feil mobilnummer er registrert på ein bustad. Vi kan dessverre ikkje bytte ut nummeret, men du kan sjølv gjere endringar her.

Ved å gå inn på lenka over kan du også velje å ikkje motta slike varsel. Men hugs at slik varsling frå kommunen ikkje berre gjeld feiing, men også andre meldingar som kommunen ønsker å formidle til deg. Og tenesta er gratis.