Eldstad og skorstein

Eldstad og skorstein

Installere, fjerne eller endre eldstad

Dersom du installerar, fjernar eller endrar eldstad, skal du melde frå til Hareid og Ulstein brannvesen ved å sende inn skjema: 

Dersom eldstaden ikkje er meldt inn, har ikkje brannvesenet grunnlag for å utføre feiing eller tilsyn. Du finn også kontaktinformasjon nedst på sida. 

 

Kan eg montere eldstad sjølv?

Det stillast ingen formelle krav til den som skal sette opp ein eldstad, men vi anbefaler likevel at du nyttar kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet. Monteringsrettleiinga skal følgjast ved montering, og oppbevarast som dokumentasjon for eldstaden ved seinare bustadtilsyn.

 

Montering og rehabilitering av skorstein

Montering og rehabilitering av skorstein er søknadspliktig arbeid. Her må eit ansvarleg, kvalifisert føretak stå føre både søknaden og sjølve arbeidet.

Skjemaet "Søknad om løyve til tiltak på skorstein" (PDF, 92 kB) kan nyttast. I tillegg må det leggast ved erklæring om ansvarsrett frå aktuelt føretak.

 

Søknad sendast inn til postmottak@ulstein.kommune.no

Kontakt

Olav Helt Brubakk
brannsjef Hareid og Ulstein brannvesen
E-post
Mobil 99 01 70 68