Tilpassing av Ulstein skule til barnehagedrift

Tilpassing av Ulstein skule til barnehagedrift

Her finn du informasjon om tilpassing av Ulstein skule til barnehagedrift. Sida blir oppdatert undervegs i prosjektet.

3D-modell av skulebygget på Skeide. - Klikk for stort bileteEi 3D-skisse av korleis skulebygget og uteområdet kan bli. Skisse

 

Ulstein kommune skal gjere tilpassingar av tidlegare Ulstein skule for å ha barnehagedrift i bygget. 

Bakgrunn er vedtak i kommunestyret.

Saksdokument

 

Ulstein kommune arbeider med å tilpasse delar av eksisterande skulebygg på Skeide til barnehagedrift. 

Målet er å etablere funksjonelle og gode lokale for om lag 120 born, med fokus på tryggleik, universell utforming og gode uteområde. 

Prosjektet omfattar mellom anna garderobar, stellerom, personalareal og løysingar for levering og henting. 

Status og framdrift

Vidare planlegging skjer i samarbeid med brukargrupper og fagmiljø. 

I prosjektet vert det også arbeidd med løysingar som kan leggje til rette for at bygda kan nytte delar av anlegget etter ordinær opningstid, mellom anna uteområde og gymsal. 

Prosjektet er i utgreiings- og skissefase, der løysingane vert fortløpande vidareutvikla og kvalitetssikra. 

Det vert arbeidd vidare med framdriftsplan og faglege avklaringar, med mål om ferdigstilling i august 2027.

Administrasjonen sitt svar om bruk av bygg og uteområde

Kontaktperson for prosjektet:

Ottar Håkonsholm, Eigedomssjef