SFO - Søke/endre plass

SFO - Søke/endre plass

Om du treng plass i SFO er det viktig at du leverer søknad. Søknadsfristen for skuleåret er 15. april, men du kan søkje gjennom heile året.


Korleis søkjer du?
 

Du som er folkeregistrert i Ulstein kommune

Dersom du har personnummer og er folkeregistrert i kommunen så skal du logge deg inn via IDporten (MinID, bankID, buypassID m.a.) for å registrere søknaden.

Her finn du søknadsskjemaet for SFO-plass
 

For andre:

Dersom du skal flytte til kommunen, ikkje har personnummer eller har problem med IDporten kan du bruke denne lenka.


Kva med SFO i skuleferiane?

Når det gjeld ferie-SFO, lagar vi eigne påmeldingsskjema før dei enkelte feriane. Sjå informasjon her.

 

Korleis svarar du på tilbod om plass?

Bruk dette skjemaet for å takke ja eller nei til tilbod om SFO-plass

 

Endring av plass

Påmelde til SFO kan endre plass etter avtale med skulen, både opp og ned i storleik. Avtale om endring kan gjelde frå neste heile månad, dvs frå den første i månaden etter at endringa er stadfesta frå skulen.

Kontakt

Nils Ertesvåg
pedagogisk konsulent
E-post
Telefon 70 01 77 10
Mobil 90 67 95 11