Spesialundervisning for vaksne Kven kan få spesialundervisning? Opplæringslova gir rett til spesialundervisning for vaksne som ikkje klarer å nyttiggjere seg det vanlege grunnskuletilbodet for vaksne. Sjå Utdanningsdirektoratet sine sider om spesialundervisning for vaksne.Vaksne som har behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter kan også ha rett til spesialundervisning. Denne opplæringa er lagt til Ulstein kompetansesenter, som er ein del av eininga Inkludering og mangfald i Ulstein.Kompetansesenteret gir tilbod til vaksne med:medfødd eller erverva funksjonsnedsetjingsynshemminghøyrselshemmingspråk- eller talevanskar, afasispesifikke lærevanskarFør skulen gir tilbod om spesialundervisning skal PPT utarbeide sakkunnig vurdering.Kva fag blir det gitt spesialundervisning i?Grunnleggande ferdigheiter i grunnskulefag og i grunnleggande ferdigheiter som:kommunikasjonlesing/skrivingrekningdigitale ferdigheiter/bruk av IKTASK (alternativ og supplerande kommunikasjon)opplæring i bruk av diverse hjelpemiddelsynspedagogisk opplæring:- punktskrift- mobilitet- synstreninghøyrselspedagogisk opplæring:- opplæring i teikn som støtte for tale- lyttelæring etter CIADL (dagleglivets aktivitetar)sansestimulering- Snoezelenavdeling (PDF, 99 kB) Korleis søker du? Du søker til Ulstein kompetansesenter på dette skjemaet. Ta gjerne kontakt for meir informasjon. Publisert 03.10.2018 09:48 Sist endra 14.08.2025 09:09