Oppseiing av barnehageplass

Oppseiing av barnehageplass

Oppseiing av barnehageplass skal gå fram av den enkelte barnehage sine vedtekter. Vedtektene kan variere frå barnehage til barnehage, så dersom du ønskjer å seie opp barnehageplassen, så ta direkte kontakt med din barnehage. Her er oversikt over alle barnehagane i Ulstein

Oppseiing av plass i dei kommunale barnehagane går fram av vedtektene, og er omtalt i § 8 Oppseiing:

  • Oppseiing av plass skal skje på elektronisk skjema. Oppseiingstida er to månadar frå den 1. i månaden etter dato for oppseiing. Dette gjeld også for reduksjon av plass.
  • Ved flytting til anna kommune, vil ein miste plassen 31.07.
  • Dersom barn ikkje skal gå i barnehage etter 1. mai, må foreldra/føresette seie opp plassen innan 31. mars. Vert plassen sagt opp etter 31. mars, må ein betale ut juni månad. Ved særskilte høve kan det gjerast unntak frå denne regelen, t.d. dersom barnehagen kan ta inn eit nytt barn til den ledige plassen."

Kontakt

Ann-Christin Bonde Helliksen
barnehagefagleg rådgjevar
E-post
Mobil 99 04 20 47