Oppmodinga er likevel den same, sjølv om farevarselet no er litt nedjustert: hald deg inne om du kan.
Det er venta lokalt ekstreme vindkast på 35-42 m/s frå sør seinare sørvest, og sterk storm på kysten og orkan ved Stad. Vinden vil auke først ved Stad, og minke sist på Nordmøre.
– Ikkje trygt å vere ute, seier meteorologane.
Les meir om varselet her: Ekstremværet “Ingunn” gir ekstremt kraftige vindkast i deler av Møre og Romsdal, Trøndelag og Helgeland (met.no)
Farevareselet er nedjustert til oransje og gult på Sunnmøre.
Meteorologisk institutt
Råd
- hald deg inne
- følg råd frå beredskapsmynde
- om du MÅ køyre, følg råd frå Statens vegvesen og sjekk vegmeldingar (www.175.no)
- følg råd og sjekk status frå transportaktørar
- gjer heimen klar for eit potensielt lengre straumbrot
- ver forsiktig om du ferdast i strandsona eller på sjøen
- vurder tiltak for å avgrense skade
Konsekvensar
- det er farleg å vere ute, og det er venta uvanleg stor skade på bygningar, infrastruktur, skog og straumnett
- stor fare for innstilte flyavgangar, båtar og anna transport
- bruer kan verte stengde
- takstein og takplater kan blåse av hus og bygningar
- du må vente svært mykje lenger reisetid
- straumforsyninga lokalt kan verte påverka
- mange vegar kan verte stengde på grunn av tre eller andre objekt i vegbana
- snøfokk i fjellet gir redusert sikt
- du kan vente kolonnekøyring og/eller stengde vegar
- høge bølger kan gi skade på infrastruktur og bygningar i strandsona