Klipp hekk og busker i tide - tenk trafikktryggleik

Klipp hekk og busker i tide - tenk trafikktryggleik

Knut Opeide, Statens vegvesen Snart er det skulestart, og mange mjuke trafikantar skal ut på vegane. Hjelp oss å sikre trygg veg for skulebarna. Klipp hekk og busker som heng ut i vegen/fortauet.

 

Bli med på dugnad for å unngå ulykker i ditt nærområde

Eig eller disponerer du ein eigedom med avkøyrsle til veg eller gang- og sykkelveg, eller ligg eigedomen din inntil eit vegkryss? Då har du ansvar for å sørge for fri sikt ved avkøyrsla di og mot vegkryss (jf. veglova §§ 31 og 43).

Dersom hekken din skjuler sikta for fotgjengarar, syklistar, funksjonshemma og andre trafikantar, kan alvorlege ulykker inntreffe. 

Hugs at born er lave og ikkje synst like godt bak høge busker og hekkar. Dei blir også gjerne oppslukt av leik, og spring ofte rett ut i vegen utan å sjå seg føre.

Fotgjengarar, syklistar og rullestolbrukarar må heller ikkje bli tvungne ut i vegbana på grunn av vegetasjon, og hekkar, busker og tre må ikkje skjule trafikkskilt eller vegnamnskilt.

Ta difor ein titt på eigedomen din i dag - om hekken og buskene treng litt stussing og klipping. 

 

God sikt og hekkstuss 

God sikt er ein føresetnad for at du skal få auge på gåande og syklande som kryssar avkøyrsla di. Eigar har ansvar for at vegetasjonen på eigedomen ikkje fører til trafikkfarlege situasjonar. Det betyr at du må klippe hekk, busker og tre slik at alle trafikkantar har god sikt. God sikt er avgjerande for eit trafikksikkert lokalmiljø, særleg for at born og funksjonshemma skal kunne sjå og verte sett i trafikken. Du må syte for at vegetasjon ikkje veks ut over veg og fortau, og ikkje høgare enn 0,5 meter over vegen, i siktsona.

Her kan du laste ned vegvesenet sin illustrerte plakat med mål og rettleiingar.

I denne artikkelen finn du også relevant informasjon om klipp av hekkar, busker og tre.

 

Saman skaper vi ein trygg kommune

Ulstein kommune arbeider for at det skal vere trafikksikkert og trygt å ferdast i trafikken. Vi arbeider med å utbetre skulevegar, legge fartshumpar og sikre ulykkesbelastande vegkryss der det trengs. Men, vegetasjonen på privat eigedom treng vi di hjelp med. Vi ber deg derfor om å klippe hekk og busker der det er nødvendig. Då bidreg du også til eit trafikksikkert lokalmiljø.

Kontakt

Even Soleng arbeidsleiar sentralanlegg/vassverket
91523514
@ Even Soleng