– Kjekt å få vere med på å utvikle Ulstein

– Kjekt å få vere med på å utvikle Ulstein

Ungdomsrådet samla framfor inngangen til Ulstein Arena. Ulstein bibliotek i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteUngdomsrådet i Ulstein. Framme frå venstre: Henrikke Antonsen, Amanda Osnes Låbakk (leiar). Bak frå venstre: Astrid Eline Breivik Andersson, Sveinung B. Snipsøyr, Brage Skodjevåg Bø, Julie Vels Poulsen, Ella Tødenes og Nikolai Skorgen Drage. Ikkje til stades: Andreas Sundgot. Janne-Marit Myklebust

– Det er viktig at ungdomen vert høyrt og får vere med på å utvikle staden dei bur på. Det opplever vi at vi får i Ulstein!

Det seier Amanda Osnes Låbakk som er leiar i ungdomsrådet i Ulstein. Låbakk har vore leiar for ungdomsrådet dei siste åra, og vart nyleg attvalt som leiar.

– Det har ikkje vore berre enkelt å halde oppe aktiviteten i ein periode med koronapandemi, og det har vore vanskeleg å kome skikkeleg i gang att no når samfunnet har opna opp att. Men då eg såg kven som skulle vere med i ungdomsrådet no, så vart eg skikkeleg gira. Då kjende eg elden i meg og tenkte at dette vert eit bra ungdomsråd! Vi har fått med oss mange engasjerte ungdomar, seier Amanda nøgd.

Innspel om smått og stort til ungdomsrådet? Du kan kontakte dei ved å sende melding til koordinator Annika Brandal: annika.brandal@ulstein.kommune.no

Påverke

Noko av det ho likar best med å engasjere seg, er at ho ser at det nyttar.

– Eg har verkeleg følt at vi har fått lov til å vere med på å påverke og gjere endringar. Det er kjekt å sjå resultatet av det, og få vere ein del av utviklinga av Ulstein.

Ho nemner mellom anna utviklinga av Ulstein Arena, Ung Kultur Møtes (UKM), ungdomsaktivitetar, Ung Arena, med meir, der ungdomsrådet har vorte høyrt.

– Det er kjekt å føle at du får vere ein del av noko større, at du får vere med å bygge staden der du veks opp, og gjere det til ein stad du ønsker å flytte tilbake til etter studietida.

Sjølv nærmar ho seg 18 år, og tenker at det snart er på tide å gi stafettpinnen vidare.

– Då er det fint at det er så mange fine folk som følger på i ungdomsrådet. Det er ein veldig, veldig fin gjeng.

Ungdomsrådet med gode mentorar. Framme frå venstre: Henrikke Antonsen, Amanda Osnes Låbakk (leiar). Midten frå venstre: Astrid Eline Breivik Andersson, Sveinung B. Snipsøyr, Brage Skodjevåg Bø, Julie Vels Poulsen, Ella Tødenes og Nikolai Skorgen Drage. Bak frå venstre: Niels Adon Leenders (Ungdomspanelet i Møre og Romsdal), Annika Brandal (koordinator for ungdomsrådet), Knut Erik Engh (ordførar), Marie Flatin (ungdomsarbeidar/MOT-koordinator- og coach), Linda Rud (Høgre) og Hans Petter Th. Ulstein (Høgre).