- I Ulstein skal alle med, uansett kva utgangspunkt du har i livet

- I Ulstein skal alle med, uansett kva utgangspunkt du har i livet

Ungdomsarbeidar Marie Flatin og 10. klassing Maciek Szymanski var blant dei mange som var med på Allemed-dugnaden. Janne-Marit Myklebust  - Kva kan vi gjer for at alle barn skal få moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar?
Spørsmålet har munna ut i tre satsingsområde for ungdomsarbeidet i Ulstein.

- I Ulstein skal alle med, uansett kva utgangspunkt du har i livet.
Det er hovudmålet til ALLEMED-koordinator Vedrana Terzic i Ulstein kommune. Tysdag 15. februar inviterte ho til ei felles arbeidsøkt ved Ulstein bibliotek, der målet var å kome med gode løysingar for å sikre at alle barn og unge får moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar.

ALLEMED-koordinator Vedrana Teric og leiande helsesjukepleiar i Ulstein, Kristin Meli. Janne-Marit Myklebust    - Det er ikkje tvil om at det skjer veldig mykje bra i Ulstein, rosa Maren Alstad Johansen som er prosjektkoordinator i ALLEMED. Ho hadde teke turen frå Oslo for å vere med på møtet.

Prosjektkoordinator i ALLEMED, Maren Alstad Johansen. Janne-Marit Myklebust ALLEMED er ein nasjonal dugnad mot fattidgom og utanforskap blant barn og unge.

Rundt 30 personar møtte opp til kick start-møtet ved biblioteket. Deltakarane varierte med representantar frå førebyggande patrulje frå politiet, ungdomar, ulike idrettslag, politikarar og ulike lag og organisasjonar.

ALLEMED-dugnad. Janne-Marit Myklebust Maren fekk høyre om dei mange satsingane som er i Ulstein, m.a. Ung Arena, Bell ungdomsklubb, kontantkassa, ferietilboda sommarcamp og aktivitetar i den komande vinterferien, BUA, MOT og om dei mange eldsjelene som stiller opp.

- Eg forstår at det skjer utruleg mykje bra her. Då er dette ei fantastisk moglegheit til å samle styrkane, snakke på tvers og finne ut korleis vi kan vidareføre det gode arbeidet og sjå på kva meir vi kan gjer for dei som framleis opplever utanforskap, sa Maren.

Gode diskusjonar rundt borda. Janne-Marit Myklebust  Over 115 000 barn i Noreg veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt. Trenden er aukande. I Ulstein er det snakk om rundt 145 barn. 

Gruppearbeid og gode diskusjonar munna ut i tre satsingsområde for Ulstein kommune sitt arbeid for å motverke utanforskap:

  1. Vidareutvikle eksisterande førebyggande tiltak
  2. Informasjon- korleis nå ungdom?
  3. Allidrett-tilbod

Ordførar Knut Erik Engh deltok på møtet, og fortalde at han er oppteken av at Ulstein skal vere eit inkluderande samfunn for alle, og at dette er eit kontinuerleg arbeid som går føre seg. Janne-Marit Myklebust Dei tre satsingsområda har fått sine dedikerte ansvarlege. 

Har du spørsmål eller innspel, ta kontakt med ALLEMED-koordinator Vedrana (kontaktinformasjon nedst i artikkelen). 

Janne-Marit Myklebust