Gult nivå i skulen

Gult nivå i skulen

Ulstein ungdomsskule. Janne-Marit Myklebust

Regjeringa har bestemt å heve det nasjonale tiltaksnivået i barnehagar og skular. Frå torsdag 16.12 må vi derfor drive skulane i Ulstein kommune på gult nivå etter smittevernrettleiaren.

Les meir om dei nye smitteverntiltaka frå regjeringa her.

Tiltaka gjeld minimum i fire veker framover.
Først og fremst gjeld dei grunnleggjande smittevernråda:
1. Sjuke personar skal ikkje vere på skulen.
2. God hygiene. Hostehygiene er viktig for å avgrense dråpesmitte medan handhygiene er viktig for å hindre kontaktsmitte.
3. Godt reinhald på skulebygget.

Gult nivå betyr dette for skulekvardagen til ditt born:
Det overordna målet ved gult og raudt nivå er at elevar og tilsette har eit avgrensa tal kontaktar og held oversikt over desse.
- Vi unngår handhelsing, men tek omsyn til borna sine behov for nærleik og omsorg
- Vi må dele inn skulen i kohortar. Klassa er ein kohort.
- To kohortar kan samarbeide dersom det er naudsynt for gjennomføring av skuledagen eller SFO.
- Det vil verte delte tidspunkt og inndeling av områder i friminutta

Det er uråd for oss å overhalde desse retningslinene dersom vi skal delta på skulegudsteneste, den vert difor avlyst i år. Juleballet ved Ulstein ungdomsskule er også utsett til eit seinare tidspunkt.