Ordføraren

Ordføraren

Stian Skorgen Scheide (H) er ordførar i Ulstein i perioden 2023–2027.

Stian Skorgen Scheide med ordførarkjede utanfor Ulstein Arena. - Klikk for stort bileteOrdførar Stian Skorgen Scheide. Janne-Marit Myklebust

– Eg er fylt av entusiasme, visjon og tru på det store potensialet til Ulstein kommune. Som den yngste ordføraren nokon gong i Ulstein, kjenner eg på eit enormt ansvar, men også ein stor iver etter å forme vår felles framtid. Det vil eg gjere saman med kommunestyret, administrasjonen, og ikkje minst innbyggarane i Ulstein, sa ordføraren då han vart valt i kommunestyremøtet 19. oktober 2023, 32 år gammal.

– Ulstein skal vere ein framoverlent ja-kommune. Vi skal vere ein kommune der det er godt å bu, uansett alder, og ein kommune der næringslivet har gode vilkår.

 

Varaordførar er Lisa Mari Breivik Anderson (Sp).

Kontakt

Stian Skorgen Scheide
ordførar
E-post