eDialog – trygg innsending til kommunen

eDialog – trygg innsending til kommunen

Med eDialog kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk – også om dei inneheld sensitiv informasjon.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

   

Med tenesta eDialog kan du vende deg til oss i ein sikker kanal. Det er betre å bruke eDialog enn e-post, fordi e-post kan bli hacka eller stoppa i eit spamfilter, eller saksbehandlaren du sender e-post til, kan vere bortreist. Vi tilrår difor at du brukar eDialog når du skal sende oss noko, også når innhaldet ikkje er sensitivt. 

For å kome inn på eDialog, klikkar du her og loggar på med MinID, BankID el.l.

 

Slik fyller du ut skjemaet på eDialog

  • Obligatoriske felt er merka med *.

  • Vel om du er privatperson/innbyggjar eller om du representerer ei verksemd.

  • I tittelfeltet er det fint om du skriv inn saksnummeret ditt viss du sender noko i samband med ei sak som allereie er starta, for eksempel 2016/1310. 

  • Gi ei god skildring av det du sender inn.

  • Last opp eventuelle dokument. Dokumenta må vere i pdf-format.

  • Klikk på «Send forsendelse». Då vert brevet ditt kryptert og sendt direkte inn i sak- og arkivsystemet vårt. 

  • Du får ei kvittering på sendinga på e-post. 

 

Når skal du ikkje bruke eDialog

Du skal ikkje bruke eDialog dersom vi har eit eige søknadsskjema for det du er ute etter. Her tenker vi til dømes på søknad om plass i barnehage, SFO og kulturskule, søknad på stilling osv.

Klikk her for å sjå alle skjemaa du kan bruke