Adobe Stock
Vi har laga ei eiga prosjektside for saka der du finn oppdatert informasjon og har moglegheit til å kome med innspel:
prosjektside
Ulstein kommune må spare opp mot 19 millionar kroner for å sikre ei berekraftig drift. Det er difor naudsynt med ein gjennomgang av heile det kommunale tenesteområdet, men ein stor del må tas i oppvekstsektoren.
Grunnane er fleire, men i hovudsak handlar det om at vi vert fleire eldre og færre unge i Ulstein. Dette påverkar korleis kommunen må prioritere ressursane sine.
Kommunestyret gjorde følgande vedtak i desember 2024:
"8. Ulstein kommunestyre ber administrasjonen om å sette i gang prosessar for å redusere driftskostnadar inn mot økonomiplan 2025–2028 med 18,84 millionar kroner.
I dette ligg vurderingar som-
Greie ut endring av organisering oppvekst og kultur og framtidig ressursbruk, struktur og kapasitet på barnehage- og skuleområdet."
Heile vedtaket med fleire punkt finn du i protokollen (sak 150/24): Protokoll - Kommunestyret - 12.12.2024
Arbeidet er i gang
Prosjektet har som mål å vurdere korleis oppvekstsektoren i Ulstein best kan verte organisert for å oppnå høg kvalitet, god ressursutnytting, nok kompetanse, godt læringsmiljø og utvikling i tråd med kommunale mål, samtidig som vi skal oppnå ei innsparing, jamfør vedtaket i kommunestyret.
Administrasjonen har etablert ei arbeidsgruppe som har ansvar for å setje i verk og gjennomføre tiltak som bidreg til å nå måla.
Open prosess
Det vil kome utfyllande informasjon om prosessen og korleis du som innbyggar kan vere med og seie di meining i saka.
29. januar vedtok levekårsutvalet mandetet for arbeidsgruppa. Når rapporten er klar vert det ein periode der det er mogleg å sende høyringssvar, før saka skal opp til endeleg vedtak i løpet av hausten 2025.
Mandat