SeniorSmart våren 2026 - Eit rikt og variert tilbod til seniorar

SeniorSmart våren 2026 - Eit rikt og variert tilbod til seniorar

Ulstein kommune er klare for ein ny runde med SeniorSmart – Lær og lev betre! Denne våren inviterer vi alle seniorar til ei rekkje lærerike, sosiale og inspirerande samlingar.

SeniorSmart-programmet vårt

Noreg er blitt eit stadig meir digitalt samfunn, og for mange kan det vere utfordrande å halde følgje med alt som skjer på nett. Samstundes er det mykje å hente på å vere trygg i digitale tenester – både når det gjeld bank, helse, kommunikasjon og offentlege løysingar.

Ulstein kommune ønskjer at alle seniorar skal ha ein trygg, aktiv og god kvardag, og inviterer difor på nytt til SeniorSmart slik at du kan lære nye måtar å leve betre på.


SeniorSmart har to spennande tilbod du kan delta på

  1. SeniorSurf – meistring i den digitale kvardagen
    Her får du opplæring i alt frå grunnleggande datakunnskap til litt meir avanserte ferdigheiter. Dette er kurset for deg som vil bli trygg i bruken av PC, nettbrett og mobil - og tryggare i møte med dei digitale løysingane vi møter kvar dag. Vi tek ting i roleg tempo og tilpassar innhaldet etter gruppa sine behov. 

    Det blir både litt teori og praktiske øvingar, så ta med eigen berbar PC, nettbrett eller smarttelefon. Vi har litt utstyr til utlån ved behov.
     
  2. SeniorTimen – kunnskap som gjer kvardagen enklare
    SeniorTimen tek for seg tema som er viktige for både helse, trivsel og tryggleik. Her får du nyttig og oppdatert informasjon for å planlegge ei god framtid.  

    Dei fleste eldre i Noreg lever aktive og sjølvstendige liv, men når behovet for hjelp aukar, er det viktig å kjenne til dei moglegheitene som finst. Gjennom SeniorTimen får du informasjon og verktøy for å leve eit sunt og aktivt liv i Ulstein. 

 

Vårprogrammet 2026

Vi har mykje spennande på programmet denne våren, og vi gler oss stort til ein ny og innhaldsrik vår saman med Ulstein sine seniorar. 

Her er heile vårprogrammet med oversikt over tider, tema og stad

Vårprogram 2026
Tid og stad
SeniorSurf – lær deg å meistre den digitale kvardagen
SeniorTimen – nyttig informasjon for ein god kvardag
SeniorGaming

 

Her er informasjonsfolder (til utskrift) (PDF, 4 MB)

 

Pris og påmelding?

Alle samlingane er gratis, og du treng ikkje melde deg på – det er berre å møte opp.

Alle samlingane vert på Ulstein bibliotek torsdagar frå kl. 11.30-13.00. Kom gjerne 15-20 minutt før timen startar for ein kopp kaffi og ein god prat. Oppstart 12. mars 2026.


Spørsmål?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du lurer på noko. Kontaktinformasjon finn du nedst på denne sida. 

Vi set pris på om du informerer og inviterer seinorar som kan ha nytte av programmet vårt.

 

Velkomen til SeniorSmart!

Kontakt

Eli Marte Dalhaug
fagansvarleg digitalisering
E-post
Mobil 48 15 82 30
Kari Marie Øvrebøe
konsulent
E-post
Mobil 90 05 07 57