Ho er ny rektor på Ulstein skule

Ho er ny rektor på Ulstein skule

Norunn Lindvik Velsvik er på plass i rektorstolen ved Ulstein skule.

portrett - Klikk for stort bileteNorunn Lindvik Velsvik. Janne-Marit Myklebust

Norunn kjem frå ein jobb som rektor i Herøy kommune, og har også arbeidd i Voldaskulen i mange år, både som assisterande rektor og rektor.

Norunn bur i Volda.

– Det er er kjekt å kome til Ulstein. Det er ein kommune der ting skjer, og ein attraktiv kommune å jobbe i. Eg har høyrt mykje positivt om Ulstein skule, og eg kjenner fleire gjennom nettverket i sjustjerna. Eg trur eg vil trivast svært godt, og eg gler meg til nye utfordringar, seier Norunn.

Velkomen til oss!