Sterk og stødig

Sterk og stødig

Sterk og stødig er eit nasjonalt treningskonsept for seniorar, med fokus på styrke og balansetrening, med mål om å førebygge fall og bevare funksjon. Treningstilbodet blir leia av frivillige instruktørar etter rettleiing og oppfølging av kommunefysioterapeutane. 
 

Målgruppa er vaksne og eldre over 65 år som bur heime i eigen bustad, og som klarar seg utan særleg bistand frå kommunen, men som kjenner at styrken eller balansen ikkje er like god som før. Du må kunne gå innandørs utan ganghjelpemiddel, som krykker eller rullator.
 

Treningstilbodet er torsdagar i Holsekerdalen 20 (stova i 2.etg). Vi har per i dag to grupper, ei gruppe klokka 09.00 og ei gruppe klokka 10.00. Tilbodet er gratis. Ein treng ikkje å melde seg på. Ta med gode innesko og ei flaske vatn.