Koordinerande eining Kommunen skal ha ei koordinerande eining for habilitering og rehabilitering, med ansvar for å sikre at personar med ulike behov får tilbod om tilpassa tenester. Ei slik teneste kan medverke til stimulering av eiga læring, motivasjon, auka funksjons- og meistringsevne, likeverd og deltaking. Om koordinerande einingBrukarverknad står sentralt i arbeid med habilitering og rehabilitering.Brukarar med behov for koordinerte og tilpassa tenester skal vite kvar dei skal vende seg for å få hjelp. I Ulstein er koordinerande eining lagt til eining 1 i omsorgsetaten. Eininga samarbeider på tvers av ulike avdelingar og etatar der det er behov. Eininga har to 100 prosents stillingar. Du finn kontaktinformasjon nedst på sida.Definisjon på habilitering og rehabilitering Habilitering er samarbeid mellom deg, dine pårørande og fagpersonar om å gi støtte til at du skal klare deg best mogleg sjølv og ha eit godt liv. Habilitering er ofte for personar som er fødde med funksjonsnedsettingar, eller som fekk sjukdom eller skade som barn. Mange treng oppfølging og støtte heile livet.Rehabilitering er samarbeid om at du skal trene opp kroppen og hjernen etter sjukdom eller skadar som du har fått seinare i livet. Rehabilitering varer ofte i kortare tid, men mange vil likevel trenge mykje hjelp og støtte etter at rehabiliteringa er avslutta.Kjelde: helsenorge.noFelles for habilitering og rehabilitering er at du kan møte mange ulike typar fagpersonar som samarbeider med deg og om deg. Fagpersonane kan ha forskjellige måtar å jobbe på.Habilitering og rehabilitering kan handle om korleis kroppen og hjernen din virkar og korleis du føler og tenker. Det kan også handle om korleis du har det i kvardagen din, og med menneska du har rundt deg. Koordinerande eining sine oppgåverkartlegge og dokumentere rehabiliteringsbehov og habiliteringsbehovvurdere behovet for koordinatorregistrere rehabiliteringsbehovha oversikt over kven som har koordinator og kven som har individuell plansikre gode rutinar for opplæring av koordinatorrolla og utarbeiding av individuell plan vurdere søknadar om støttekontakt, avlasting, omsorgsstønad, brukarstyrt personleg assistent og TT-kortsikre brukarperspektivvere lokal pådrivar for kompetanseheving av habilitering og rehabiliteringha oversikt over behov og kapasitet i kommunen si rehabiliteringsavdelingnært samarbeid med spesialisthelsetenestavere fast adresse og knutepunkt for samarbeid mellom kommunen, fylket og dei statlege institusjonane for å sikre brukarane sine behov for tenestesamarbeid med brukarorganisasjonarevaluere kommunen sin rehabiliteringsplan Kven er målgruppa?Personar som kan ha behov for habilitering eller rehabilitering:Personar med medfødt funksjonssviktPersonar som pga. skade eller sjukdom har hatt eit brått fall i evna til å fungere i dagleglivetPersonar med gradvis fall i funksjonsevne over lengre tidPersonar med kroniske sjukdommarPersonar med utfordringar med avhengigheitPersonar som treng hjelp til planlegging av nye situasjonar i livet, t.d. ved overgang frå barnehage til skule, mellom ulike skular, frå skule til arbeidsliv og ved ny bu-situasjonKva kan du forvente?Plan for habilitering og rehabilitering (HTM, 3 kB)Kommunen sin plan for habilitering og rehabilitering skal sikre at personar med ulike behov får tilbod om tilpassa tenester. Dette kan medverke til stimulering av eiga læring, motivasjon, auka funksjons- og meistringsevne, likeverd og deltaking.Tildeling av koordinatorDersom du har tenester frå tre eller fleire etatar, og tenesten skal bli sett i samanheng, kan du ha behov for ein koordinator.Det er som regel andre tenesteytarar som melder frå til koordinerande eining om at ein person har behov for koordinator. Dette kan gjerast ved å ta ein telefon til koordinerande eining, eller å nytte internt meldeskjema. Du kan også ta kontakt med koordinerande eining om du lurer på om du har rett på ein koordinator og/eller individuell plan. Du finn kontaktinformasjon nedst på sida.LovverkAt kommunen skal ha ei koordinerande eining er forankra i helse- og omsorgstenestelova § 7-3. Publisert 06.07.2018 11:35 Sist endra 18.09.2025 10:57