Tilsette frå heimetenesta vil kome på heimebesøk for å kartlegge situasjonen til søkar. Dersom søkar har pårørande kan det vere nyttig at dei er med i kartleggingssamtalen. Du vil få eit skriftleg vedtak som informerer deg om du har fått tildelt omsorgsbustad eller ikkje.
Søknader vert behandla så snart som råd av eit tiltaksteam som har møte kvar veke. Saksbehandlingstida er 3–4 veker, og du vil få skriftleg melding om vedtak.
Om saksbehandlinga tek lenger enn fire veker, vil du få skriftleg melding om årsaka, og opplysningar om når det vert gjort vedtak i saka.
Vi nyttar ressursorientert saksbehandling. Det vil seie at vi er opptekne av kva innbyggarar klarer sjølve, kva pårørande og anna nettverk kan hjelpe til med, og kva omsorgsetaten kan bidra med. Dette får vi til gjennom samarbeid og dialog med kvarandre, der målet er at innbyggarar med hjelpebehov, skal kunne leve eit mest mogleg sjølvstendig liv.