Korttids- og rehabiliteringsplassTenesta korttidsplass er eit målretta og tidsavgrensa opphald på Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter. Opphaldet kan vare frå ein dag til fleire veker. SøknadsskjemaHugs å legg ved dokumentasjon frå lege, sjukehus eller andre instansar når du søker. Kven kan få tilbod om korttidsplass?Pasientar frå sjukehus eller heim som treng opphald for rehabilitering, utgreiing eller behandling, og pasientar som treng lindring ved livets slutt, kan få tilbod om korttidsplass. Slik behandlar vi søknaden dinSøknader vert behandla så snart som råd, av eit tiltaksteam som har møte kvar veke. Du får skriftleg melding om vedtak. Bur du heime og søker om korttidsopphald, kan det vere nødvendig med ein kartleggingssamtale.Vi nyttar ressursorientert saksbehandling. Det vil seie at vi er opptekne av kva innbyggarar klarer sjølve, kva pårørande og anna nettverk kan hjelpe til med, og kva omsorgsetaten kan bidra med. Dette får vi til gjennom samarbeid og dialog med kvarandre, der målet er at innbyggarar med hjelpebehov, skal kunne leve eit mest mogleg sjølvstendig liv.Betaling Betalingssats for korttidsopphald i institusjonTilbodBetalingssats per dag/døgnKorttidsopphald i institusjon200 kroner (sentral forskrift*) Ved korttidsopphald over 60 døgn i eit kalenderår vert betaling for opphaldet rekna ut etter reglar om eigenbetaling for langtidsopphald. Fribeløp 9 000 kroner. Kommunalsjef kan i særskilte høve gjere unntak frå betalingsreglane.Du kan klage på vedtaketDersom du ikkje er nøgd med vedtaket kan du klage til kommunen innan fire veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Kommunen pliktar då å ta ei ny vurdering.Vert avgjerda ståande, vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren. Dette får du melding om.Send klaga di tilUlstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Publisert 06.07.2018 10:56 Sist endra 18.09.2025 13:13