Døgnopphald, akutt hjelpAkutt hjelp og døgnopphald på sjukeheimen er eit opphald som erstattar innlegging på sjukehus. Det er berre lege som kan legge inn pasientar på akutt døgnopphald. Tenesta er gratis og vert vanlegvis innvilga i inntil tre døgn. Ved behov for vidare medisinsk oppfølging i sjukeheim, vurderer helsepersonell om vedkomande treng kortidsopphald vidare. Publisert 16.10.2018 15:21 Sist endra 18.09.2025 12:55