SeksjoneringSeksjonering er å dele opp ein bygning i fleire eigarseksjonar, slik at fleire kan eige kvar sin del av bygninga og ev uteområda. Endringar av allereie seksjonerte eigendommar kallas reseksjonering.VilkårFor å få etablert ein seksjon, må brukseininga(ene) vere godkjend etter plan- og bygningslova sine reglar for det formålet den skal tene. Når det gjeld eksisterande bygningar, medfører dette at pålagte bygningsmessige tiltak må vere gjennomført før seksjonering kan skje.Slik søkjer duSeksjoneringHer finn du søknadskjema for seksjonering. Skjemaet kan sendast på e-post til postmottak@ulstein.kommune.no elleri posten til Ulstein kommune, Postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Her finn du rettleiing til utfylling av skjema for seksjonering. ReseksjoneringHer finn du søknadskjema for reseksjonering. Skjemaet kan sendast på e-post til postmottak@ulstein.kommune.no elleri posten til Ulstein kommune, Postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Her finn du rettleiing til utfylling av skjema for reseksjonering. Treng du å snakke med ein saksbehandlar?Reserver tid herKva kostar det?Seksjonering: 2025 SeksjoneringsgebyrTenestePrisTil og med 4 seksjonar10 829 kr5 - 8 seksjonar16 244 krFrå 9 seksjonar, tillegg pr ny seksjon880 krTillegg for synfaring4 738 krTinglysingsgebyr545 kr Reseksjonering: 2025 ReseksjoneringsgebyrTenestePris1 - 4 seksjonar eller fellesareal endrast16 244 kr5 - 8 seksjonar eller fellesareal endrast21 657 krFrå 9 seksjonar, tillegg pr ny endra seksjon1 218 krTillegg for synfaring4 738 krTinglysingsgebyr545 kr Fullstendig gebyrregulativ for seksjonering finn du her (PDF, 218 kB).Meir informasjon om seksjonering finn du på regjeringen.no Publisert 14.09.2018 14:56 Sist endra 15.09.2025 09:44