Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse)

Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse)

ROS-analyse for Ulstein kommune (sladda versjon) (PDF, 791 kB)


Formålet med ei ROS-analyse

Formålet med ROS-analysen er å
• gje ein oversikt over risiko- og sårbarheitsforhold i kommunen, og korleis dei påverkar kommunen
• avdekke sårbarheit og gjensidige avhengigheiter
• foreslå tiltak for korleis risiko og sårbarheit kan reduserast og handterast
• vere eit grunnlagsdokument for samfunns- og arealplanlegging etter plan- og bygningslova
• gje beslutningsstøtte i kommunen sitt arbeid med samfunnssikkerheit og beredskap

17 kategoriar av hendingar

ROS-analysen definerer 17 kategoriar av uønskte hendingar som kan verte så omfattande at det vil vere naturleg å kalle inn kriseleiinga til kommunen

Dei 17 kategoriane er delt inn i fem område:

1. Natur
2. Natur og menneske
3. Store ulykker
4. Tilsikta hendingar
5. Kritiske samfunnsfunksjonar