Lagringsstrategi

Lagringsstrategi

Kommunane har mange ulike system for å lagre dokumentasjon knytt til dei ulike fagområda. I tillegg er der mykje uformell dokumentasjon som blir lagra enten på den enkelte tilsette sitt lagringsområde eller på eit fellesområde. Det er viktig at dokumentasjonen blir lagra slik at dokumentasjonen berre er tilgjengeleg for dei tilsette som skal ha tilgang. 

Kommunal forvaltning er omfatta av reglar, lovverk og forskrifter som må overhaldast. Dette gjeld spesielt arkivlova, offentlighetsloven, forvaltningslover og regelverket rundt GDPR. 

Lagringsstrategien er ein del av kommunane sin dokumentasjonsstrategi.

Målsetting

  • Bygge felles forståing og felles semje om kva som skal lagrast kvar
  • Informasjon lagrast på rett stad og berre ein stad
  • Overhalde personvern og informasjonssikkerheit
    • Sikre at informasjon ikkje blir kjent for uvedkomande (konfidensialitet)
    • Sikre at informasjon ikkje blir endra utilsikta eller av uvedkomande (integritet)
    • Sørge for at informasjon er tilgjengeleg ved behov (tilgjenge)
  • Overhalde relevante lover og forskrifter

Kvar skal dokumentasjonen lagrast

Arkivverdig dokumentasjon
Saksbehandling i fagsystem
Felles lagring av uformell dokumentasjon
Lagring av uformell dokumentasjon for den enkelte tilsette

Føresetnadar

Kommunen skal kunne yte gode og effektive tenester til private, næringsliv og offentlege instansar. Det vil vere avgjerande at dei tilsette har digitale system som sikrar ein effektiv og sikker kommunikasjon, forvaltning, saksbehandling og tenesteproduksjon. Dette krev både god infrastruktur og hensiktsmessig programvare, men også at det blir lagt til rette for tilstrekkeleg opplæring og gode rutinar og prosessar som sikrar maksimal bruk og utnytting av systema.

Personleg
Samhandling
Fagsystem
Intranett