Foreldrestøttande tiltak

Foreldrestøttande tiltak

Ulstein helsestasjon tilbyr ulike formar for foreldrestøttande tiltak. Foreldrestøttande tiltak tek sikte på å støtte foreldra i å meistre si rolle og samspel med barnet. I samarbeid med foreldre finn vi ut kva tilbod som er best egna for deira situasjon. Foreldrestøttande tiltak kan vere aktuelt i alle aldersgrupper og i ei rekke situasjonar.

Tenesta er gratis.

Døme på situasjonar der foreldrestøttande tiltak kan vere til hjelp er:

  • Barn med utfordrande åtferd eller skeivutvikling
  • Problem med tilknyting, samspel eller kommunikasjon mellom foreldre og barn
  • Utfordringar i barnehage eller skule
  • Konfliktar mellom dei vaksne

Foreldrestøttande tiltak kan gjennomførast individuelt eller i gruppe.

For meir informasjon, eller for å bestille time, kontakt Ulstein helsestasjon på telefon 70 01 78 80 eller foreldrerettleiiar Gry Grønmyr Jonberg på telefon 481 68 230.

Under finn du ei oversikt over ulike former for foreldrestøttande tiltak som vert tilbydd.

Babymassasje
Foreldrekurs (COS-P kurs)
Marte Meo
PMTO