Visuell kunst
Vil du utvikle din kreativitet og liker du å teikne og male, men også forme i leire eller med papir-mache, då kan visuell kunst vere noko for deg!
Vi jobber i grupper med forskjellige teknikkar, med fokus på læring og prosess.
I alle grupper jobber vi mot ei utstilling på slutten av skuleåret, men vi vil også vise fram det vi lager i venteromet på kulturskulen gjennom heile året.
Vi vil besøke lokale kunstutstillinger og bli inspirert av dei. Når været tillater det vil vi også vere ute for å jobbe med kunst.
1.-4. klasse
På ein leiken måte blir du kjent med dei grunleggande kunskaper og teknikkar innanfor visuell kunst. Du lærer blant anna korleis du kan forme leire, korleis du bruker male-reiskap og kva ein trykkteknikk innebærer. Du lærer å blande farger, å teikne dyr og menneske og bruke din eige fantasi til å formgi forskjellige prosjekter.
5.-7. klasse
I gruppene i desse alderstrinna bygger vi vidare på dei grunleggande ferdigheitene.
Alle med og utan kunskap frå før er velkommen til å vere del av ein kreativ gruppe og lære nye, spennande teknikkar. Du vil lære meir om teikning og maling, bruk av fargar og linjer, og bygge 3-dimensjonale gjenstander av papp, leire og gjenbruksmaterialer. Vi vil lære om trykkteknikkar og jobbe med linosnitt og mykje meir.
8.klasse-19 år
Frå ungdomsskulealderen er undervisinga litt friare og meir tilspissa på dei individuelle ønsker innanfor visuell kunst. Det blir tilbud oppgåver i dei forskjellige områder i visuelle kunstfag, men du kan også utdjupe dei teknikkane som du har lyst å jobbe med og få individuell veiledning.