Grunnskuleopplæring

barneskule.jpg - Klikk for stort bilete

 

Grunnskular i Ulstein kommune:

 

 

Vaksenopplæring:

Vaksne som har behov for norskopplæring, grunnskuleopplæring og/eller spesialundervisning på grunnskulens område eller vidaregåande opplæring, kan ha rett på opplæring.

Vaksenopplæring
Norskopplæring

Ulstein kommune gir opplæring i norsk og samfunnskunnskap til vaksne innvandrarar. I løpet av eit skuleår har vi om lag 220 deltakarar frå ca 40 ulike land.

Ulstein Kompetansesenter tilbyr slik opplæring.

Grunnskuleopplæring for vaksne

Eit tilbod til vaksne som skal fullføre grunnskuleopplæringa.

Ulstein Kompetansesenter tilbyr grunnskuleopplæring og spesialundervisning til vaksne som har rett til det.

Vidaregåande opplæring for vaksne

Eit tilbod til vaksne som har fullført grunnskulen men ikkje vidaregåande opplæring.

Vaksne som har fullført grunnskulen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring har rett til vidaregåande opplæring frå og med det året dei fyller 25.

Ta kontakt med utdanningsavdelinga ved Møre og Romsdal fylkeskommune for å få informasjon om du har rett til vidaregåande opplæring og for informasjon om søknadsprosessen.

   
Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 05.01.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering